Håvard Bjørkedal Øvregård

Fødselsår: 

1975

Yrkestittel: 

Seniorrådgjevar verdiarbeid (Norges idrettsforbund)

Bydel:

Gamle Oslo 

Utdanning:

Universitetet i Oslo: Examen philosophicum (1994), grunnfag pedagogikk (1998), enkeltemner (1999-2016); Norges idrettshøgskole: Enkeltemner (2021)

Hvilke politiske saker er du mest opptatt av? 
Mi hjartesak er at alle skal kunne påverke eigne liv, og kunne bruke sine evner til det beste for seg sjølv og samfunnet. At vi skal hindre diskriminering og utanforskap. At alle barn skal ha ein god oppvekst og eit godt utgangspunkt for resten av livet.

Hvorfor har du lyst til å stille til valg for Oslo Høyre? 
Eg meiner Høgre er det partiet som best sikrar mangfald og inkludering, men det krev at nokre av oss som representerer partiet politisk har arbeid mot fattigdom og utanforskap som hovudsak. Det har eg.

Hvilke erfaringer og kvalifikasjoner vil du fremheve ved deg selv? 
Eg veit kva folk ikkje likar med Høgre, fordomane mange har mot oss. Eg har i tjue år jobba med tema få assosierer med Høgre, som fattigdom og utanforskap. Dette må vi bli sterkare på, for å vere eit like naturleg val for folk på Grønland som på Bygdøy.

Hva er ditt favorittsted i Oslo?
Nye Deichman med ungane. Familiesykkelekspedisjon heimanfrå Kværnerbyen opp Alnaelva til Grorud og Alnsjøen. Støykonsert på BLÅ. Søndagstur til Emmanuel Vigelands «mausoleum» på Slemdal. Den som berre har ein favorittstad i Oslo, bur ikkje i byen 😉